Denna veka har me hatt introveka her i La Paz. Gjennom foredrag frå utsendingane, turar til nokre av dei ulike prosjekta misjonsalliansen driv, og møte med menneske i dei ulike prosjekta, har me fått eit større innblikk i det arbeidet misjonsalliansen driv her i Bolivia. Det har vore ei svært innhaldsrik veke, med mange sterke inntrykk. Me vil prøva å fortelja litt om det me har fått vore med på denne veka.
Ved begynnelsen av introveka fekk me eit større innblikk i verdiane misjonsalliansen vektlegg, gjennom nokre velkomsord frå direktøren i organisasjonen her. Han snakka om å elska sin neste, om å vera med på å gi menneske verdi og eit betra sjølvbilete, og om eit ynskje om at folk her skal få oppleva endringar i livet og få mulighet til å leva ut sitt potensiale. For det er ikkje rettferdig at me har blitt gitt så ulikt utgongspunkt for liva våre, me som er fødde og oppvaksne i Norge, og dei som er fødde på El Alto. Det er kanskje ikkje noko ein reflekterer mykje over til dagleg, men det vert svært tydelig for oss no, spesielt etter det me har sett og høyrt denne veka. Urettferda vert overveldande, og det er lett for å tenkja at det verkar håplaust å skapa endring. Etter denne veka set me likevel igjen med ei kjensla av at det er håp. Me har sett litt av kva misjonsalliansen i samarbeid med dei ulike lokalmiljø kan utretta. Utgongspunktet for arbeidet er ei tru på lokalsamfunna og menneska her sine evne og kunnskapar. Ein går ikkje inn i dei ulike områda og fortel innbyggjarane der kva dei treng. Det er lokalsamfunna sjølv som definerer sine behov og ynskje, og dei må sjølv vera med å bidra både økonomisk og med dugnadsarbeid. Ved at folk sjølv bidrar og får til å gjennomføra dei ulike prosjekta, skaper det eit eigarforhold til prosjekta. Dette kan gjerne vera med på å gjera prosjekta, og endringane dei skaper, til noko varig.
Mange har sikkert tankar og meiningar om misjon og misjonsorganisasjonar. Misjonsalliansen er ei diakonal organisasjon, og fokuserer på evangeliet i handling, uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og rettferd. Det er ingen krav om at menneske må ta imot Gud for å få hjelp, og ein ynskjer ikkje å pressa evangeliet på folk. Ein har derimot eit fokus på Gud sin kjærleik til menneske, alle menneske. Tanken er at som Jesus viste omsorg og kjærleik mot alle menneske, skal me òg visa omsorg mot kvarandre.
Me føler oss små i møte med alle utfordringane me ser finnes her i Bolivia. Det er lett å tenkja at ein ikkje har noko å bidra med. Då er det godt å få kjenna seg som ein liten del av eit stort arbeid, eit arbeid me får sjå fungerer. Me har møtt ein masse flotte menneske denne veka, som på ulike måtar er ein del av prosjekt som misjonsalliansen har støtta. Desse menneska har eit stort pågangsmot, og både evne og vilje til forandring. Dei treng berre å få hjelp til å koma i gong, og det er ikkje anna enn rettferdig at dei vert gitt denne hjelpa.
For å lesa meir om introveka, kan dåke gå inn her: http://www.ilimitado.no/ilimitadono/2008/2/23/viva-la-mision-alianza.html
Me vil og benytta anledningen til å gratulera vår kjære Bodhild med overstått bursdag!:)